Om Lærdal Torg

 

Lærdal Torg er ei verksemd som i hovudsak omset lokalt dyrka poteter, grønnsaker, frukt og bær. Verksemda er eigd og vert driven av Ernesto Labarca og har vore aktiv i 21 år. Ernesto er opphaveleg frå Chile og dreiv med torghandel i Valpaireiso før han flytta til Lærdal.

 

Du finn Lærdal Torg sentralt på Øyri i enden av Øyraplassen.

 

Frå 2014 vart Ernesto pensjonist og vil i den komande sesongen halde torget opent kvar yrkesdag gjennom sesongen. Normal opningtid er frå kl. 10 til kl. 15.30.

Laurdag frå kl. 10 til kl 14.

 

Under haustmarknaden, siste helga i septmber, har Ernesto eit stort utval av grønnsaker, der nokre sortar og vert innkjøpt frå Økern Torg. Då har kundane og høve til å sikre vinterforsyninga gjennom storsal av poteter, gulrot, kålrot, løk og kål som alt er dyrka lokalt i Lærdal.

 

 

 

 

 

Bondeven pris 2014

 

Ernesto vart utnemd til Bondeven av Lærdal Bondelag i 2014

Lærdal Torg, 6886 Lærdal,

PB 19 Norway

Tel : 483 30 119

E-mail: labarca@live.no